Indreberg Gard
Driftsopplegg

© Indreberg Gard

Home
Produksjon
Fóringsplan
Gjødslingsplan
Dyrehelse
Avlsplanlegging

 

DRIFT
Alt som er skrevet under driftsopplegg er nå endret etter at garden blei ein del av Skodje Samdrift DA.

Drifta på garden er spesialisert på mjølkeproduksjon og av dyr har vi derfor berre kyr, kviger og kukalvar. Alle uksekalvar blir selt som livdyr ca 3 månader gamle.

Antall årskyr som kalvar har dei siste åre vore 20-22 dyr.
Antall kviger er normalt  8-10 pr år.
Antall kukalvar er normalt 8-10 pr år.

KALVING
Vi ynskjer mest mulig kalving i desember og dei resterande helst i januar.

ÅRSPLAN MJØLKEPRODUKSJON

  • Desember - januar                            kalvingsperiode
     
  • Januar - mai                                     produksjon
     
  • Mid februar - mars                            inseminering
     
  • (mid) Juni - mid september                produksjon - Engesetsetra fellesbeite (sjå eigen informasjon)
     
  • Mid september - mid oktober             reduksjon av produksjon og til slutt, - ikkje produksjon (tørre kyr)
     
  • Mid oktober - november                     ikkje mjølking

Denne årsplanen er optimal for vår drift og vi arbeider derfor systematisk gjennom heile året for å få den virkelege planen så nær opp til denne som mulig.

At vi er medlem av Engesetsetra Beitelag er grunnlaget for inndelinga i årsplanen fordi det er viktig å ha god produksjon den perioden som kyrne er på fellesbeite og har tilgang på gode beite. Prisen på mjølk er også høgare i sommarmånadane i vårt distrikt.
Å ha kyrne på fellesbeite i ca tre månader gjer også situasjonen enklare for aktiviteten heime på garden i denne perioden.

Vi ynskjer ikkje kalving i den perioden kyrne er på fellesbeite. Dette er eit bevist val.

Vi prøver så langt mulig å slå kyrne tørre (ikkje mjølking) frå midten/slutten av oktober og det gir ein rolig periode før ny kalving. Dette gjer vi selvfølgelig fordi det passer godt inn i årsplanen og til tidspunktet kyrne kalver på, men eit anna viktig poeng er at dette som tilleggseffekt gir ein periode med enkel drift i fjøsen.
Å kunne ha fire til seks veker med berre fòring i denne perioden, har forbetra vår generelle driftssituasjon.

MJØLKING
Vi har kyrne i eit tradisjonelt bås-fjøs og mjølkinga er effektivt lagt opp ut frå dette. Vi mjølker med fire mjølkeorgan samtidig og mjølkeorgana blir flytta ved hjelp av skinner som er montert i taket. Rekkefølgja kyrne blir mjølka i er lagt opp slik at mjølkeorgana i størst grad er i kontinuerlig produksjon.
Til daglig gjer to personar fjøsen saman, men det er ikkje problem for ein person å ta fjøsen aleine.

Vi startar i fjøsen kl 05:30 om morgonen og sjølve mjølkinga startar kl 06:00. Om ettermiddagen startar vi i fjøsen kl 17:00 og mjølkinga startar kl 17:30.

MJØLKEKVOTE
Garden har ein mjølkekvote på 135.000 liter pr år.

PLANLEGGING - FOKUS
Når ein arbeider med levande dyr og i tillegg er heilt avhengig av forhold i naturen, som ver og vind, då er det ikkje alltid like enkelt å planlegge aktivitetar og å legge tidsplanar i detalj, men vi prøver iallfall å legge ein del hovedplaner for året. Dette er også viktig for det langsiktige arbeidet og for å utvikle garden vidare.
Som eksempel på planleggingsarbeidet kan nemnast at vi i 2003 hadde eit avvik på 200 liter mjølk i forhold til tildelt mjølkekvote.

Vi har også eit kontinuerlig fokus på å forbetre arbeidssituasjonen og spesielt gjeld dette innan område som inngår i det daglege arbeidet på garden og oppgåver som kan føre til belastningsskadar. Vi har derfor løysningar for det daglige arbeidet i fjøsen som gjer at disse oppgåvene kan utførast effektivt og utan f.eks. tunge lyft.

TERRENG
Mykje av garden ligg i bratt terreng og det set mange av rammene for drifta. Etterkvart som vi har fått meir leigejord er dei brattaste delane av innmarka i større grad brukt til beite for ungdyra. Å slå disse bratte markane med traktor har alltid vore ei utfordring for både utstyr og menneske, i tillegg til at det er tidkrevjande. Ei omlegging til meir beiting av disse markane er derfor ei forbetring av driftssituasjonen. Det meste av leigejorda ligg i nærleiken av garden.

På garden er det  fleire kulturbeite og disse blir brukt til ungdyr. Tilgongen på gode beite om sommaren er derfor god.
Vi har i tillegg gode utmarksbeite på garden, men disse har vi ikkje brukt dei siste åra pga generelt dårleg standard på utmarksgjerda fleire stadar i bygda.

At garden ligg i ei sørvendt helling gir generelt gode vekstforhold og garden har også sol heile året.

BEITING
Kvigene blir slept ut på beite om våren så snart graset er lang nok og normalt er dette i midten av mai.
Kalvane blir slept ut noko seinare og seinast når kyrne blir sendt på fellesbeite.

I den perioden kyrne er på fellesbeitet (mid juni-september) er derfor fjøsen tom.

VASKING
Ein av dei viktigaste aktivitetane på garden etter at fjøsen er tom for dyr i juni er vasking. Alt blir då vaska og rensa ved hjelp av høgtrykksspylera og to personar bruker normalt to dagar på dette arbeidet. Ein dag til grovvask og ein dag til finvask.

Tips - arbeidet med å vaske fjøsen har blitt mykje lettare etter at vi begynte å bløyte på heile fjøsen med vatn i to-tre dagar før vi startar med vasking. Til dette nytter vi ein vanlig hagevatnar som vi flytter rundt i fjøsen nokre timer kvar dag. Ei enkel, billig og effektiv løysing.

KANTSLÅTT
Vi har som prinsipp at alle kantar (det som vi ikkje greier å slå med slåmaskin på traktor) på innmark til garden skal slåast saman med eller etter at den ordinære slåtten er ferdig. Dette graset blir ikkje brukt til fór, men det er likevel viktig for oss å slå dette graset. Årsaka er å unngå at kratt veks innover innmarka og ikkje minst, innmark med nyslåtte kantar er "finare å sjå på for auga".

 

Home | Om garden | Driftsopplegg | Engesetsetra Beitelag | Nyheitsarkiv | Fjellturer | Bilete frå Skodje | Kontakt oss

This site was last updated 17.05.2011