Indreberg Gard
Dyrehelse

© Indreberg Gard

Home
Produksjon
Fóringsplan
Gjødslingsplan
Dyrehelse
Avlsplanlegging

 

At dyra har god helse er til ei kvar tid heilt avgjerande for produksjonen, men også for trivselen på garden. Å ta vare på dyra er derfor den viktigaste oppgåva på garden.

DAGLIG TILSYN
Det daglege stellet og tilsyn av dyra gjennom heile året er ein viktig aktivitet for god dyrehelse. Ved å bruke tid saman med dyra og å være spesielt merksam på endringar hjå dyra, kan ein lettare oppdage eventuelt endringar i helsetilstanden. Det betyr igjen at f.eks. sjukdom kan oppdagast tidlig og nødvendige tiltak kan settast inn tidlig.

Ein god fóringsplan er også heilt avgjerande for god helsetilstand hjå dyra.

HOMEOPATI
Garden har ein utstrakt bruk av naturmedisin og resultata av dette har vore svært gode. Ved å behandle dyra med naturmedisin på eit tidlig tidspunkt ved antydning til problem eller sjukdom, har det vist seg at helsetilstanden ofte raskt betrar seg.

Vi har ressurser på garden som har tatt fleire kurs i bruk av homeopati medisin på dyr.

DYRLEGE
Det er også viktig å ha eit godt samarbeid med dei lokale dyrlegane. Skodje har ei god dekning av dyktige dyrlegar og det er viktig dei gongane ein treng råd eller har behov for hjelp.

 


 

Home | Produksjon | Fóringsplan | Gjødslingsplan | Dyrehelse | Avlsplanlegging

This site was last updated 23.06.2007