Indreberg Gard
Om garden

© Indreberg Gard

Home
Dyr
Redskap og utstyr
Bygninger
Kulturminner
Slekt
Heidersteikn
Avisutklipp

 

         

HISTORIKK
Det er uråd å seie kor lenge det har budd folk på garden INDREBERG, men så lenge ein i dag er kjend med folketeljingar og andre statistikkar har det vore to bruk på Indreberg (det som i dag er bruksnummer (bnr) 1 (Ellinggarden/Otterlei) og bnr 3 (Erikgarden/Indreberg). Tuna stod i området vest og nord for der stabburet til bnr 3 står i dag. Det er også klart at det har vore eit felles tun og husa stod om einannan. Først på 1800-talet tok ein til å dele tuna. Der er i dag ei rekke tufter som viser spor etter tuna og dei største murane står nord og vest om stovehuset til bnr 2.

Det blir vidare fortalt at husa kring 1770 vart tatt av snøskred. Det synest rart i dag, men ein må tenkje på at det ikkje var skog i området på den tida og når vatnet demde seg opp i dektene ovanfor, skulle det ikkje så mykje til før snø og vatn kom rausande, det som bli kalla vassglop.

Namn på ulike stader, åker og eng vitnar om at namna må ha sitt opphav i norrøn tid. Eit av dei mest typiske i så måte er åkeren GRÅTEN. Erling (førre eigar) sa alltid at det var eit merkeleg namn på ein åker, og det hadde han sikkert rett i. Vi meiner likevel nå å ha funne årsaka til dette namnet. Vi undersøkte åkeren om vi kunne finne ein større stein og ganske rett, ein stor stein låg midt i åkeren. Då var opphavet til namnet klart. Namnet kjem av det gammalnorske ordet «grjot» som tyder stein. Vi er her vitne til ein omlyd som ikkje er vanleg i distriktet der denne type ord normalt har blitt til grøt(t) eller graut. Vi må også nemne namn som brauta, kriken og rongja. Ved sjøen attmed nausta finn vi kataberget som sikkert skriv seg frå det gammalnorske ordet kotr som tyder båt og i genitiv heiter det katar. Det var her dei brukte å legge til med båtane i gamal tid. Vi har tilsvarande namn som Katavågen ved Sunnmøre Museum og nordspissen av Skottland som i gamal tid heitte Katanes, no Cateness.

I tillegg til merke etter hus har vi truskeveita som gjekk frå området nedanfor Ørnekula og heilt ned til løa i Erikgarden (bnr 3). I seinare tid var der også ei avgreining til løa i Ellinggarden (bnr 1). Når den er bygd veit ingen, men den er første gong beskriven i utskiftinga på innmarka i 1875. Den er også med i utskiftinga i 1902. Det er her ei klar beskriving av plikter til vedlikehald og ansvar for å veite vatnet attende etter bruk. Den var i bruk til parafinmotoren overtok drift av truskemaskina på 1920-talet.

Vi må vidare nemne sjøvegen. Garden hadde både køyreveg og gangveg.

Like ned om og litt vestafor Rogneskaret finn vi Bergs-Ola-Hjellen. Dette er ein tjørehjell som er relativt godt bevart. Den har truleg namnet etter ein Ola som levde på 1600-talet. Han omkom ved ei mile ved Apalvikstølen, truleg av kolosforgiftning. Det var også ein tjørehjell der Nygård har huset sitt.

Eit anna særmerkje er dei store områda der myrjorda er køyrd bort. Molda vart nytta under kumøkka i løa for å samle opp den flytande gjødsla. Til saman er det køyrt bort mold frå 3-4 da frå området med størst uttak.

Kyrkjevegen
Avtalen mellom bøndene i Skodje om å bygge ein bygdeveg til Vatne vart underskriven i 1884. Før den tid var det ingen køyreveg mellom Skodje - Straumen - Stette og vidare mot nordvest. Når ein skulle fare bygdemellom måtte ein anten bruke båt eller stiar som var trakka og desse stiane gjekk oftast gjennom gardstuna. Ein slik sti gjekk frå Stette gjennom Straumsdalen til tunet i Ytreberg - vidare gjennom tunet på Indreberg og på skrå søraust over og kryssa bøgarden omlag der løa til bnr 1 står i dag. Dette var kyrkjeleet. Like attmed leet eller grinda var KYRKJELEHOLA. Dette var den best oppkoma på Indreberg og den heldt vatnet betre enn alle andre brunnar i dette området. Derfrå og austover var det blautt og det var derfor lagt ned heller og stokkar til å gå på heilt austover til Ådalen. Denne vegen var i bruk som gangveg til lenge etter at køyrevegen var ferdig.

Gamle åkrar og reiner
Gamle åkrer og reiner er eit anna særtrekk. Fordi tuna låg så høgt, har mange av desse ikkje blitt borte i det dyrkingsarbeidet som er utført på 1800 og 1900 hundrede talet.

Utskiftinga på innmarka i 1875 endra på ein del tilhøve. Tidlegare var ikkje innmarka på Indreberg delt i to stykke mellom bnr 1 og bnr 3 slik som den er i dag. Det som blei kalla Øvstebøen var delt i heile 36 teigar, 18 på kvart bruk. Ved utskiftinga i 1875 vart innmarka delt mellom dei to bruka og dei fekk kvar sin likeverdig del og dette er det bytet som går mellom bnr 1 og bnr 3. Ved utskiftinga i 1902 vart innmarka utvida en del og mellom anna heilt til bytet mot Nedreskodje.

Innleggsmarka
Innleggsmarka på bnr 3 (Erikgarden/Indreberg) måler i dag ca. 120 da. Av dette er ca 70 da dyrka, ca 40 da gjødsal beite, ca 10 da til tun, vegar og i tillegg ca 460 da skog og anna utmark. Ca 400 da av skogen har høg bonitet (høgt vekstpotensiale).

Dersom ein startar frå sør har teigane på innmarka følgande namn:
Lisjegjerdet                    7 da
Gjerdesletta                 13 da
Trekanten                      5 da
Kroken                        15 da
Sjøleåkeren                 12 da
Bakkeåkeren                 6 da
Teigen                           4 da
Smiåkeren                     8 da

Beite
Under høgspentlina        8 da
Sommarfjøsåkeren         6 da
Stalltufta                       6 da
Bakkane, vest              10 da
Bakkane aust              10 da

Korn
Dei gamle åkrane var frå gamalt nærast heilage. Det var der dei dyrka korn og på Indreberg dyrka dei bygg, havre og blandakorn. Kornet var viktig fordi det gav mjøl og det gav igjen mette magar. Det motsatte var tilfelle når kornet ikkje vart moge, nemlig lite mjøl og svolten var ofte ein faktum i periodar.
Teigen var byggåkeren på garden. Å kunne dyrke bygg gav status og det var få garder i Skodje som betalte sitt tiendeI (skatt betalt i naturalia til presten) i bygg. I dag veit vi at det er bygget sitt store behov for gjødsel som gjorde at dei fleste ikkje fekk bygget til å vekse.

Garden dyrka korn fram til 1957.

Husdyr
Frå gamalt har garden hatt kyr, kalvar, sauar, høns, griser og hest. Dette gav mat og gode råvare til vidareforedling og kunnskap om å utnytte og vidareforedle råvarene har derfor alltid vore viktig.

Det var først på 1970-talet at produksjonen gradvis vart lagt om og ein begynte å konsentrere det meste av drifta mot mjølkeproduksjon. Vi slutta med sauar i 1988 og sidan den tid har vi berre hatt kyr.

 

Home | Om garden | Driftsopplegg | Engesetsetra Beitelag | Nyheitsarkiv | Fjellturer | Bilete frå Skodje | Kontakt oss

This site was last updated 23.06.2007