Indreberg Gard
Gjødslingsplan

© Indreberg Gard

Home
Produksjon
Fóringsplan
Gjødslingsplan
Dyrehelse
Avlsplanlegging

 

Garden bruker generelt mykje naturgjødsel og bruken av kunstgjødsel er derfor redusert til eit minimum.

NATURGJØDSEL
All gjødsel går frå fjøsen og til ein gjødselkjellar. Før vi har ut gjødsla blir den blanda med vatn og rørt saman ved hjelp av eit pumpe- og røyrsystem. Det gir ei flytande masse som deretter blir spreia ut på markane. På den brattaste delen av garden legg vi ut rør og spreier ut gjødsla med ein spreiar. På resten av sjølve garden brukar vi ein slangespreiar som vi monterer på traktoren. På  leigejorda som ligg i litt avstand frå garden køyrer vi ut naturgjødsla med gjødselvogn.

Etter førsteslåtten (i midten eller slutten av juni) spreier vi igjen ut naturgjødsel på ein del av markane.

Gjødselkjellaren blir heilt tømt innan 15 september kvart år. Dette tidspunktet har nemlig statlege styresmakter sett som siste mulige dato i året for å spreie naturgjødsel. Årsaka til at vi tømmer gjødselkjellaren heilt er at vi skal være heilt sikker på å få plass til all gjødsla gjennom vinteren

LUKT
Lukter denne gjødsla når vi har den ut på markane? Ja, det gjer den, men som regel ikkje mykje. Kor mykje lukt er avhengig av vêrtilhøva når vi har ut gjødsla, men også andre faktorar spelar inn og ikkje minst gjeld dette bruk av vatn. Fordi vi blander ut gjødsla med vatn vil lukta bli redusert.

Ein anna faktor som vi dei siste åra har begynt å legge merke til og stille spørsmål ved er,  - kan bruk av biologisk ensileringsmiddel i siloen redusere lukt frå gjødsla når vi har den ut? Pressaft frå siloen går nemlig i gjødselkjellaren. Ut frå erfaringane våre er faktisk svaret JA, men vi har dessverre ikkje vitskapelig grunnlag for konklusjonen.

KUNSTGJØDSEL
Av kunstgjødsel bruker vi berre type 25-2-6 til overgjødsling om våren og delvis etter førsteslåtten. Mengda er frå 10 til 20 kg pr da og det er veret og tilhøva elles som avgjer kor mykje vi bruker. Til hoslåtten (og kanskje tredjeslåtten) har vi som alternativ brukt ca 15 kg Amoniumnitrat pr da. Det gir eit totalforbruk av kunstgjødsel på 25-40 kg pr da.

På kulturbeita bruker vi litt kunstgjødsel på deler av området og enkelte år også litt naturgjødsel der slangane når. 

HISTORIKK - GJØDSELPLANLEGING
Med husdyr som viktigaste produksjon
, har det å ta vare på husdyrgjødsla alltid vore viktig på garden.

Type jord og at vi normalt har mykje nedbør om hausten sett ein del føresetnader for korleis vi best kan handtere gjødsla. Det er også eit faktum at tørr naturgjødsel på eng ofte har liten effekt. Difor tok vi til å vurdere bruk av nye løysingar og valet blei å gjere gjødsla om til GYLLE (naturgjødsel tilsett vatn). Det første utstyret for gylle kjøpte vi i 1973 og det var ei pumpe og 300 meter røyr. Med dette utstyret nådde vi den gongen dei områda på garden som vi ønskte å bruke naturgjødsel på. Det viste seg snart at vi med gylle fekk ein langt større effekt av gjødsla enn tidlegare og i takt med auka effekt av naturgjødsla, trappa vi ned bruken av kunstgjødsel.

I dag har vi eit nært og godt samarbeid med dei andre bøndene i området om gjødselutstyret. Det gjeld pumper, røyr, slangespreiar og gjødselvogn. På det viset får vi små kostnader til utstyr og vi får ut gjødsla i rett tid. Vi har ut gylle tre gonger pr år og det er tidleg om våren, etter førsteslåtten, og etter hoslåtten i august (september). Vi bruker meir og meir vatn ved kvar utgjødsling og ved tredje gjødslinga bruker vi ca 80% vatn. Likevel gir det ei fin avling til beite i september og kalvar og kviger får fint og godt beite som gjer dei feite og fine når dei blir sett inn først i oktober.

Til å blande gjødsla monterte vi i ca 1992 to gjødsel Mixarar laga av Karl Løset, Stordal. Dei er monterte direkte i muren på gjødselkjellaren, og ein liten traktor på ca 50 hk greier godt jobben med å drive Mixaren. Vi nyttar ein meir enn 30 år gamle Fiat 450 til dette arbeidet og den greier jobben utan problem. Mixaren blander gjødsla godt og vi har difor ikkje lenger problem under spreiinga.

For kvar gjødsling fører vi opp tidspunkt og mengde gjødsel pr felt i ei detaljert oversikt. Det gjer at vi nøyaktig kan følgje med korleis vi ligg i høve til den overordna gjødselplanen og det gir oss også godt grunnlag for å samanlikne gjødslinga frå år til år. Presis kunnskap og informasjon er viktig for å kome vidare og vi noterer derfor alltid opp mengde avling på dei ulike felta (markane) slik at vi er i stand til å vurdere resultatet.

 

Home | Produksjon | Fóringsplan | Gjødslingsplan | Dyrehelse | Avlsplanlegging

This site was last updated 23.06.2007