Indreberg Gard
Hestekjerre 2009
   

© Indreberg Gard

Home
Arbeidsveke 2003
Sommeren 2004
Driftsåret 2006
Besøk 2007
Hestekjerre 2009
Minneord om Otto

 

Restaurering av ei gamal hestekjerre

Onkel Ingebrikt har hatt ei gamal hestekjerre ståande i løa på Indreberg Gard i mange år. Kor mange år den har stått der lagret veit eg ikkje, men det er iallfall svært mange. Den var vist opprinneleg kjøpt på Ellingsøya, og planen den gong var å sette den i bedre stand slik at den kunne nyttast. Vogna var godt brukt og trengte litt fornying. Dette blei likevel ikkje gjort den gongen, og vognar har alle desse åra berre stått på lager.

Når vi nå har ein hesteinteressert og arbeidssom nabo så ser det endelig ut til at vogna kan få ein "ny vår" igjen. Ved nyttår 2009 blei vogna henta fram!

Det er mykje godt arbeid som ligg føre for å få den i god stand, men hjula var iallfall veldig bra og det var eigentleg det viktigaste.Onken Ingebrikt blir nå konsulent for Stig og Kjersti i arbeidet med å restaurere vogna.

   Kjersti og hesten Rølandsnina (NINA) hentar kjerra på Indreberg

   Kjersti, hesten Nina og onkel Ingebrikt med kjerra vel framme i Otterlei

 

Home | Arbeidsveke 2003 | Sommeren 2004 | Driftsåret 2006 | Besøk 2007 | Hestekjerre 2009 | Minneord om Otto

This site was last updated 14.02.2009