
Rapport frå sommaren 2004
”No
har eg køyrdt mitt siste lass i løa og berga alt i hus for denne gong.
No tarv eg ikkje syte meir for føda for folk og fe om vinteren blir
long”. Tore
Ørjasætr
Ein
sommar er over og alt er i hus for denne sesongen. Det har vore ein god
sommar med gode avlingar og god kvalitet på fóret. Vi har sendt inn prøver
både av første og andre slåtten og resultatet er frå svært godt til godt.
Det viser seg at Bladfaks som vi sådde ein del av tidlegare, ikkje gir god
nok kvalitet på siloen. Dette fordi den ofte er klar til hausting ca. ei
veke tidlegare enn Timotei og det skaper problem for kvaliteten. Heller
ikkje som beitegras fungerer denne grastypen optimalt fordi blir det mykje
stylkar.
Vi
hadde godt og lagleg vér både under første slåtten og andre slåttem. Vi
starta å slå allereie den 1. juni og var ferdige den 7. juni. Andre slåtten
starta den 20. juli, men på grunn av mykje etterfylling i siloane slo vi det
siste først den 2. august. I år fekk vi ca. 400 kubikkmeter ferdig
silomasse.
I jauar
sette vi inn ny fylltømmar i den eine siloen slik at vi no har ein
fylltømmar i kvar av dei to siloane. Vi brukar same styring, vifte og røyr
til begge. Ved at vi slepp å flytte fylltømmaren mellom siloane så sparer vi
nå mykje arbeid og avbrot ved både innlegging og uttak.
Vi
prøvde oss på ein tredje slått, men då var vi ikkje spesielt heldig. Vi slo
ned ca. 40 mål i midten av september, men det vart tre veker med regn og det
var uråd å samle opp det vi hadde slått. Når det vart tørt nok på markane,
køyrde vi over med beitepussare og greidde å spreie det meste utover så
skadane vert truleg minimale. Dei siste 40 måla som vi ikkje beite køyrde vi
over med beitepussaren den 20. oktober. Vi har også pussa over mykje av den
enga vi beite.
Beite
I år hadde vi ut mjølkekyrne heime eit pr veker før dei flyttet til
Engesetsetra. Vi slepte dei ut etter mjølking på morgonen og tok dei inn
igjen til mjølking om ettermiddagen. Om natta var dei inne og blei fóra med
silo. Kyrne fekk på denne måten ein litt mjukere overgang til livet ute og
var bedre førebudd til dei skulle på setra. Å jage kyrne ut og inn kvar dag
krever likevel ein del ekstra arbeid og ressurser, men det gjekk heldigvis
etter forholdene svært bra.
Sju kviger og
elleve kalver har gått heime på garden på beite heile
sommaren. Dei har hatt gode beiteforhold og tilveksten har derfor vore god.
Dei har veksla mellom å gå i kulturbeite og på innmark i elektriskgjerde.
Ein del av den mest brattlente delane av innmarka har vi nå teke i bruk til
i hovedsak beite og det gir godt beite gjennom heile beiteperioden.
Vedlikehold av innmark
Vi har denne sommaren snudd om og lagt igjen ca 20 mål innmark. Dette gjer
vi for å forbedre kvaliteten på avlinga både i mengde gras og for å forbedre
kvaliteten på sjølve graset. Grovfór er basisen i fóringsplanen og det er
derfor heilt avgjerande at kvaliteten på graset som blir hausta er av best
mulig kvalitet.
Vedlikehold
Det er også denne sommaren gjennomført nødvendig vedlikehold på bygninger,
utstyr, gjerde, vegar og innmark. Med ei så stor byggningsmasse og
eigendeler ellers så er behovet for vedlikehold alltid til stades. Ein del
vedlikehold blir derfor gjennomført kvar år.
Bilde
Det første bildet er frå den dagen vi flytta til seters. All transport av
kyr skjer med dyretransport biler.
Det andre bildet er frå den dagen vi hadde ut kalvane. Denne transporten
skjer med ei transportkasse på traktoren.
Dei tre andre bilda er borneborn i arbeid på garden.
|