MINNEORD

Tirsdag 18.desember gjekk
Otto i fjøsen som vanleg - saman med dottera Torill. Dei starta
fjøsstellet og Otto gjekk til kalvane for å ordne litt med dei. Torill
heldt på med sitt like ved. Han kom til Torill, tok henne på skuldra og
sa ” Eg føler meg så rar”, og så fall han i armane hennar. Han blei lagt
i stabilt sideleie, og ho sprang inn for å hente telefon og Petra. Han
pusta då sjølv. I det ambulansen kom, etter kort tid, stoppa hjartet og
dei starta med hjarte og lungeredning. Dei arbeidde med han heilt til
helikopteret kom, og han blei så frakta til Ålesund Sjukehus. Vi fekk
der beskjed om at det var svært alvorleg, men dei arbeidde med han og
gjorde alt som var mulig for å redde han. Torsdag blei han kobla frå
respiratoren og døydde like etter med dei fleste i familien rundt seg.
Årsaka var ei alvorlig hjerneblødning.
Otto blei fødd 3. juli
1928. Foreldra var Laura og Erling, og han vaks opp i Berget i en
søskenflokk på 8. Han tok utdanning på Gjermundnes Landbruksskule og
seinare på Lærarskulen i Volda.
Han gifta seg i 1953
med Petra Aannø, og dei fekk etterkvart 5 born: Eirik, Audun, Torill,
Linda og Trond.
Han tok over garden i
1965 og har dreve den sidan. Han var lærar ved Haram Realskule i fleire
år, og midt på 60- talet blei han engasjert i politikk - i første omgang
skulepolitikk. Etterkvart tok politikken overhand, og han arbeidde på
fulltid som ordførar i til saman 12 år - først i storkommunen - sidan i
Skodje Kommune.
Etter han slutta i
politikken, arbeidde han igjen som lærar ei stund, tok utdanning innan
data (i ein alder av 60 år), og avslutta det ”offisielle” arbeidslivet
som skulesjef i Skodje.
Ein skulle tru at alt
dette var nok. Men Otto var ein engasjert mann, og hadde interesse for
det meste som hadde med bygda og samfunnet elles å gjere:
-
Ei sterk drivkraft
i Skodje Skulekops og Sunnmøre Hornmusikklag i ein mannsalder (som
administrator)
-
Interessa hans for
historie ga seg utslag i eit stort engasjement for Sunnmøre Museum
-
Skodje Sogelag og
den nære lokalhistoria (m.a. lange innlegg i dei siste års-skrifta
til Sogelaget – og han hadde allereie klart neste års tema!)
-
Var aktiv i
gjenoppstarten av Skodje Frilynde Ungdomslag og oppussinga av
Fagerheim
-
Fellesbeitet på
Engesetsetra og generelt samarbeid mellom bøndene i bygda.
-
Elles var han
sterkt engasjert i Bondelaget, Skolelederforbundet og
Tysklandsbrigadens Veteranforening
Otto var generelt sett
interessert, og det i det meste. Han snakka med folk og viste interesse
for kva dei dreiv med og korleis dei hadde det. Det førte til at han var
ein mann som bygdefolk og andre ringde til eller kontakta viss dei
trengde råd og hjelp med eitt eller anna.
Han hadde fortsatt
mange planar, og planar for lang tid framover. Han var alltid
optimistisk, hadde tru for at alt kunne forbetrast, og hadde ei positiv
innstilling til alt og alle.
Han var stolt av
opphaver sitt og sette pris på den store slekta si. Han var flink til å
halde kontakta med alle her, men også med all familie i Amerika. Han
hadde eit stort ønske om å reise dit til sommaren for å treffe dei alle.
Han var interessert i
barnebarna og alt kva dei dreiv på med. Sjølv om mange av dei bur andre
stader i landet, hadde han svært god kontakt. Minst ein gong i veka
ringte han til dei for å høyre korleis dei hadde det og kva dei dreiv på
med. Om det var med fotball, skulearbeid, musikk, skigåing, ALT var like
interessant for han. Han oppmuntra, spurte og ga råd og hjelp.
Fred over Otto sitt
minne.

|