
Oppsummering av driftsåret 2006
Så langt er
konklusjonen at dette er truleg eit av dei beste driftsåra i garden si
historie. Vi har produsert meir mjølk enn nokon gong, og for første gong
leverte vi over 141 000 liter mjølk. Samstundes har vi brukt for ca. 10
000 kroner mindre i kraftfôr.
I
2004 var vi med i Effektivitetsanalysen for første gong. Det
viktigaste vi lærte då var at vi burde lage gode rapporteringslister for
kvart kalenderår og deretter halde dei vedlike for kvar månad. For 2005 fekk
vi det meste på plass, og no i 2006 ser det endå betre ut. Vi nullstiller
nå alle målingar ved nyttår (følgjar nå kalenderåret og ikkje
kalvingssesongen), som blant anna kraftfôrtildelinga på appetittfôrvogna.
Såleis ha vi i dag ei god oversikt over all kraftfôrtildeling til alle
mjølkekyr og alle dyr som står på bås. Til mjølkekyr bruker vi for det meste
kraftfôrtypen Formel elite. På Engesetsetra Fellesbeite bruker vi i
sommar månadane Formel 28, mens vi i haustperioden bruker vi
Formel 40.
For
2005 hadde vi såleis eit betre utgangspunkt som grunnlag for
Effektivitetsanalysen. Av detaljar kan vi nemne:
-
Produksjon pr årsku
- 8721 liter EKM pr årsku
- 26 Fem kraftfor pr 100 kg. mjølk
- Leveringsprosenten er 99, 18,3 årskyr
-
Grovforopptak:
- 10 Fem pr ku og dag for alle mjølkekyr
- Gjennomsnittet for vår gruppe er 8 Fem
-
Mjølk i forhold til fór:
- Dette er eit sentralt og viktig punkt; vi hadde kr. 2,34
- Landsgjennomsnitt i vår gruppe er kr. 2,31
-
Grovforkostnad:
- Brutto grovforkostnad: kr/Fem 1,14 gjennomsnitt 2,07
- Variable kostnader: kr/Fem 0,40 gjennomsnitt 0,56
- Avling
Fem/daa 409 gjennomsnitt 382
-
Veterinær/medisin:
- kr/l 0,09 gjennomsnitt 0,11
Vi
har lært at dersom ein set mål i samband med Effektivanalysen, og set
inn arbeidet på dei felt det er lettast å hente noko, vil det også gi eit
betre driftsresultat. Det nyttar ikkje med skippertiltak, men ein må alltid
ha auge for detaljar, diskutere og samarbeide med andre.
Det
som drar totalen litt ned for oss er at vi ikkje har kjøtproduksjon av
uksar. Årsaka til vi ikkje har kjøtproduksjon er at vi ikkje har nok areal i
fjøset som er eigna og vi har derfor valgt å utnytte båsfjøset fullt ut kun
til mjølkeproduksjonen.
Multitilskudd Sinku
Med høg produksjon i 2005, var vi optimistiske føre ny kalvingssesong i
desember 2005. Vi er likevel alltid på leiting etter mulige forbedringer og
då Felleskjøpet (FK) dette året kom med ein ny type vitamintilskudd spesielt
beregna til bruk rett før kalving, så tok vi dette i bruk. Namnet på
produktet er Multitilskudd Sinku. Resultatet var dessverre
nedslåande. Vi brukte det til kyr som hadde hatt minst ein kalv før. Vi
forstod ikkje heilt situasjonen ved dei første kalvingane, men det mest
særmerkte var at det var så lite mjølk i kyrne dei første dagane etter
kalving at det knapt var nok til kalven. Normalt vil det vere slik at ei ku
som ikkje har normalt med mjølk ved kalving har symptom på komande
mjølkefeber. Den fjerde kyra som kalvinga fekk mjølkefeber, men utan dei
normale symptoma på mjølkefeber. Etter fire intensive behandlingar med
dyrlege var det dessverre berre ei løysing att; naudslakt. Denne kyra såg
ikkje sjuk ut, men den kunne ikkje reise seg. Då den andre mjølkefeberen
dukka opp nokre dagar seinare, skjøna vi samanhangen. Sinku tar bort
symptoma på mjølkefeberen, men ikkje mjølkefeberen. To – tre veker etter at
vi slutta med Sinku, var også problema borte. Dei kyrne som hadde
fått Sinku kom heller ikkje opp i den normale produksjonen dei hadde
kapasitet til dette året.
Problemstillinga er tatt opp med FK både munnleg og skriftleg, men vi ser at
dei framleis reklamerer med produktet Sinku. Vi har etterlyst ei
etterprøving av Multitilskuddet Sinku pga vi ikkje har møtt nokon
andre som har hatt positiv erfaring med produktet. Fleire vi har vore i
kontakt med har tvert i mot liknande erfaringa med dette produktet. Vi har
også etterlyst den biologiske utprøvinga av middelet før det vart sendt på
marknaden, men det har vi heller ikkje fått svar på. Vi synest det er
alvorleg at FK marknadsfører eit tilskottsfôr dersom det ikkje er nok
utprøvd i praksis.
I
år bruker vi derfor ikkje Sinku, og vi er igjen tilbake til berre å
bruker Multitilskudd Storfe–Sau og E-vitamin med Zelen. Alle
kyr som har kalva til no i år har vore friske og fine med normal produksjon.
Avling og beiting
Beitesesongen vart lang og fin i år. Det var så tørt i mai at vi våga
ikkje å sleppe kyrne ut først i mai då vi var redd for beitemangel. Det blei
såleis berre vel to veker beite heime før vi flytta til sætra i år;
Engesetsetra Fellesbeite. Totalt blei det vel fire månader beitesesong i år
for kyrne på Engesetsetra Fellesbeite.
Grasavlingane var gode og kvaliteten var fin. Vi har sendt inn tre prøver og
alle var fine.
Som
gjennomsnitt reknar vi i år med tørrstoff 25 %, 0,90 Fem/kgTS med AAT 75
g/kg TS og PBV 25 g/kg TS, Opptaksindeks 100..
I
2005 hadde vi 10 Fem pr ku og dag og målet for 2006 er å kome litt høgare,
kanskje nærme oss 11.
I
bladet Buskap nr. 7 er det på side 14 ei oppstillings som viser
korleis ein kan rekne ut Fem i tårnsilo. Med bakgrunn i denne har vi berekna
silolageret til ca. 62 000 Fem. I 2005 var siloopptaket på ca. 1 900 Fem pr
årsku.
Vi
burde nok ha slått tre gonger på nokre skift, men av omsyn til avlinga i
2007 valgte vi likevel ikkje å gjere det. Som alternativ brukte vi
beitepussaren på nokre skift i slutten av oktober.
Kalvefôringsautomat
Vi kjøpte ny kalvefôringsautomat med kraftfordel for eit år sidan, men
den vart ikkje installert før no i sommar. Det er litt meir å setje seg inn
i når det gjeld programmering, men den ser ut til å verke fint. Kalvane
viser fin tilvekst og er roleg og trivelege. Vi legg opp til å bruke litt
mindre syrna heilmjølk enn dei siste åra og ynskjer heller å få kalvane
raskare over på større opptak av kraftfôr. Mjølkekvota vil gi rom for det.
Avl og kalving
Vi seinka kalvinga litt i 2006, men det viste seg å vere feil. For lang
periode frå beiteslutt til kalving gir mindre avdrått pr årsku hos oss.
Difor vil vi i år starte insemineringa litt før og det betyr kring 15
januar. Alle kvigene viser god brunst og dei er store og fine. Difor kan dei
kalve før dei er 24 månad gamle.
Vi
bruker mykje arbeid på avlsplanlegging og AVL I BUSKAP er eit godt
hjelpemiddel. Vi ser no gode resultat av fleire års systematisk arbeid.
Kyrne har blitt høgare med stort sett fine jur og gode føter og klauver.
Omlag halvparten av kvigene er frå ung uksar, men det er likevel sjeldan
unge uksane gir dårlege dyr. Har vi kyr med veikskapar, bruker vi alltid uksar
med gode eigenskapar der dei manglar hos kyrne. Brukseigenskapane er
viktigare enn avdråtten når den er så høg som hos oss. Når ein over tid ser
resultatet av avlsplanlegginga, blir det meir og meir interessant.
I
år har vi 10 kviger og eit fleirtal av disse har eliteukse til far.
Konklusjon
Oppsummeringa av Effektivitetsanalysen for 2006 vil vise kva vi har
lukkast best med i forhold til kva vi hadde som målsetting for 2006.
Rekneskapen for 2006 vil vise om overskotet har auka som forventa. |