Indreberg Gard
Nihusen
   

© Indreberg Gard

Home
Nihusen
Fjellturer 2006
Fjellturer 2007
Fjellturer 2008
Fjellturer 2009
Fjellturer 2010
Fjellturer 2011

 

        Vegard på toppen

NIHUSEN (438)
Nihusen ligg svært lett tilgjengelig for heile den ytre delen av Skodjebygda. Ein kan velje mellom fleire skogsvegar som fører ein godt på veg oppover fjellsida og på den siste delen mot toppen er der gode råse (stier). Andre stader er der råse heile vegen frå bygda og til topps.

Vedlagt kart viser nokre av dei mest nytta rutene til toppen. Heiltrukken raud strek er to ulike ruter der ein går på skogsveg om lag tre fjerdedelar av turen.

Startpunkt - Indreberg:
Ein startar frå garden Indreberg (eller frå Berget) og følgjar skogsvegen heilt opp til Rogneskarmyra. Der har plassert ut ei "trimkasse" for registrering. Rett før Rogneskarmyra passerer ein Ørnekula nede på høgre side. Dette er eit utkikkspunktet som viser heile Skodjebygda (bilde på første sida av denne websiten er tatt frå Ørnekula). Ved enden av skogsvegen ved Rogneskarmyra følger ein god rås heilt til toppen.
.
Bildet er ved "trimkassa" på Rogneskarmyra

Startpunkt - Grindvika:
Ein følgjar bilvegen frå Grindvika og oppover til Ytreberg. Skogsvegen startar ved ein lunneplass og ein følgjar denne skogsvegen vidare oppover. Undervegs passerer ein Grindviksetra og her er også plassert ut "trimkasse" for registrering. Nesten ved enden av skogsvegen står ei hytte på høgre side og der skal ein ta av og gå råsa til toppen.

Stiplede ruter:
Dette er i hovudsak ruter der ein for det meste går på råse eller der det er råse mellom skogsvegane. Dette er gode råse og fleire av dei er myke nytta.

Terreng:
Det er lett og fint terreng heile vegen og området anbefalast derfor også til barn. Ein treng heller ikkje å gå heilt til toppen for å få ein fin tur!

Link til turrapporter frå Nihusen:

2008     http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/nihusen4.html

2008     http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/nihusen3.html

2007     http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/nihusen2.html

2006     http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/nihusen1.html

2006     http://fjellinordvest.net/content/view/62/85/

 

     

Home | Nihusen | Fjellturer 2006 | Fjellturer 2007 | Fjellturer 2008 | Fjellturer 2009 | Fjellturer 2010 | Fjellturer 2011

This site was last updated 05.11.2008