Indreberg Gard
Fjellturer 2009
   

© Indreberg Gard

Home
Nihusen
Fjellturer 2006
Fjellturer 2007
Fjellturer 2008
Fjellturer 2009
Fjellturer 2010
Fjellturer 2011

 

Det har også i år vore eit bra fjellår og eg har hatt mange fine turer i løpet. Eg har nådd målet om å besøke 30 nye fjelltopper og 100 000 høgdemeter.
Det har også blitt to veker med hyttet til hytte vandring i fjellet. Ei veke i Tafjordfjellet og ei veke i Rondane. To fine veker sjølv om veret var varierende på begge turene. Vi fekk likevel med oss nokre fine topper og då er vi fornøgd :)

Det blei dessverre lite turer den siste delen av året pga ein borrelia-infeksjon (flått) som sette meg "ut av spel" i fleire veker. Så det spørs om eg må revurdere turplanene og heller satse på by og kaffe-livet.....

Eg vil takke dei personane som eg har gått saman med på tur dette året og som har vore med å gitt meg mange fine opplevinga. Ei spesiell takk Inka!

Eg vil anbefale denne web sida for beskriving av mange turar i distriktet - Westcoastpeaks.com

Torill

 

Bilete og rapport frå nokre av årets turar:

Kvannfjellet (980), Eide/Fræna     6. september

Molnesfjellet (122), Giske     30. august

Ei veke i Rondane saman med Inka. Varierende ver, men vi fekk iallfall med oss nokre av toppane.
Spranget - Rondvassbu + Storronden (2138)     23. august

Rondvassbu - Bjørholia + Vinjeronden (2044) og Rondeslottet (2178)     24. august

Bjørholia - Dørholseter + Høgronden (2115)     25. august

Dørholseter - Rondvassbu      26. august

Vinjeronden (2015) + Rondvassbu - Spranget      27. august
     
Torill på toppen av Storronden og Inka på veg ned ei fin snørenne frå Rondeslottet

      Sikkerhet er viktig! Inka sjekker ei skiringsbu på veg mot Høgronden og på veg ned blei nødbivaken testet i ein matpause

   Inka luftig plassert på toppen av eit stup på veg ned frå Rondeslottet

 

Utvikfjellet (253) og Nesnakken (196), Skodje     19. august
Eg har nå endelig vore på all dei 13 toppene i Skodje kommune som har PF på over 100.

Stavsetfjellet (208), Skodje     11. august

Vassberget (253) og Hågåsen (198), Skodje     9. august

Seljebottinden (1531), Ormula (1418), Geitebottinden (1495), Kvitegga (1311) + fire toppen uten namn, Stordal     5. august
Ein tur med stor T og ei skikkeleg tinderangling saman med Hildegunn, Leif-Erling og Rolf.
Kjempetur!!!
  
På toppen av Seljebottinden; Torill, Dag Henrik (som overrasket med å møte oss på toppen) og Leif-Erling

      På toppen av Kvitegga; Torill + Leif-Erling, Rolf, Hildegunn og Balder (ein unik "fjellklatrer" hund)

Haddalshornet (611), Blåhornet (697) og Kongsvollen (683), Ulstein     4. august
Ein ettermiddagstur saman med Arnt.

Litleskjerdingen (678), Haram     26. juli
Ein ettermiddagstur saman med Inka.

Ei veke i Tafjordfjella saman med Inka. Mykje bedre ver enn meldt og forholda var derfor ganske bra. Vi hadde håpet å bestige nokre fleire topper, men alt i alt ein fin og variert tur.
Kaldhusseter - Danskehytta     21. juli

Danskehytta - Veltdalshytta    22. juli

Veltdalshytta - Pyttbua via Karihøa (1782)    23. juli

Pyttbua - Reindalsseter via Pyttegga (1999)    24. juli

Reindalsseter - Kaldhusseter    25. juli
     
Å "crocse" seg over elver er effektivt...

     På toppen av Karihøa og Pyttegga.

     Nøtter er viktig på tur! Snart framme til ein dusj og ferdig middag...
 

Skåla (1128) og Skålaksla (1076), Molde     18. juli
Ein tur på det høgste fjellet i Molde saman med Irene og Leif-Erling.
  

Sandvikhornet (876), Sykkylven     8. juli
Ein kveldstur med familien som var på sommerferie på Skodje.
Hilde, Vegard, Hanne, Emilie og Johannes - og i tillegg Kirsti og Linda
  

Grinddalsnibba (1520), Blåfjellet (1775), Såthornet (1759), Vesle Såthornet (1577), Vinsåshornet (1343), Geiranger     5. juli
Ein lang og fin tur i strålande fint ver saman med Stranda Turlag
  

Ramstadvarden (965), Forseggene (828), Sjurlihornet (829), Storheirøra (805) og Fausateighornet (794).  Sykkylven     21. juni
Ein fin tur saman med Stranda Turlag
http://fjellinordvest.net/content/view/367/1/

Nihusen (438), Skodje     1. juni
Liv Xelene på sin første tur på Nihusen saman med Inka og tante. Ei svært stolt jente som nådde toppen!
  

Stigbottenhornet (1582) - og fjelltraversen over til Breitinden (1796), Rauma     31. mai
Ein spennende tur på ski, på føtene og med klyving samen med Inka, Hildegunn og Leif Erling
  

Tranhaugen (304), Eikaberget (302) og Funnin (245), Sekken i Molde     19. april
Ein rundtur over heile øya sammen med Inka. Takk til Mette og Øyvind for flott lokal guiding på den første delen av turen.

Litlehornet (467), Haram     13. april

Signalen (231), Giske     12. april

Varden (404), Molde     18. januar
Ikkje akkurat ein fjelltopp, men når eg ikkje har anna å "skryte av" ennå i år så får den vere med...

     

Home | Nihusen | Fjellturer 2006 | Fjellturer 2007 | Fjellturer 2008 | Fjellturer 2009 | Fjellturer 2010 | Fjellturer 2011

This site was last updated 02.01.2010