Indreberg Gard
Historisk attersyn

© Indreberg Gard

Home
Up

 

HISTORISK ATTERSYN -  TUNET OG HUSA PÅ GARDEN

GENERELT
Garden har vore busett frå førhistorisk tid og den blei i gamal tid delt i Indreberg og Ytreberg.

Nokre av husa på garden blei kring 1770 tatt av snøskred. Det var på den tida ikkje skog på garden og heile fjellsida nord for garden var derfor opent lende. Det var generelt lite skog i område på denne tida og den skogen som var blei hogget då Skodje kyrkje vart bygt i 1750.

To garder hadde felles tun på Indreberg og tunet var der som tunet til bruksnummer (bnr) 3 var fram til 1930-åra. Dei to gardane hadde kvar sine bygningar slik som stove, løe, stall, smie og stabbur på tunet. Fellestunet vart oppløyst ved jordskiftet i 1875 då innleggsmarka vart delt i to. Bnr 1 (Ellinggarden/Otterlei) fekk den austlege delen og bnr 3 (Erikgarden/Indreberg) den vestlege delen.

Bnr 1 bygde nytt tun i same høgde over havet som fellestunet, men lenger mot aust. Murane til dette bygget er tydeleg synleg også i dag.

Bnr 3 bygde opp nytt tun på det gamle tunet. Då Erik Knudsen Grindvik og Berte Halvardsdattet Strømmen busette seg på garden i 1819, var det Skodje kyrkje som åtte garden. Husa var på dette tidspunktet små og dårlege. Det blir fortalt at dei ofte måtte halde fast dørene eller sikre dei på anna vis når nordvesten var på det verste.
Når Erik og Berte overtok og busette seg på garden, tok dei etternamnet Indreberg.

Garden fekk etterkvart gjerde kring innleggsmarke (bøgarden).
Den einaste vegen av verdi for gardsdrifta var sjøvegen ned til Øyra. Sjøen var den viktigaste transportvegen og det var derfor viktig at garden hadde ein god tilkomst til sjøen.

Kvifor bygde dei tunet langt oppe i bakken og ikkje på det flatare området lenger nede? Sannsynlegvis har dette å gjere med sola. Tunet på Indreberg er nemlig plassert på ein stad som gir sol frå tidleg morgon og heile dagen og i tillegg har garden også sol om vinteren (nokre timar midt på dag). Gode soltilhøve gjer at snøen reiser tidleg om våren og det fører igjen til at også vekstperioden på markane starta tidleg.

Erik fekk kjøpe garden i 1862. Det var sonen også med namnet Erik, som overtok garden og han gifte seg med Lovise Mikkelsdatter Ytreskodje.

LØE
I 1869 bygde dei ny løe med fjøs og stall. Forstøtningsmuren nedom løa og muren der dei festa kyrne er framleis intakt. Stall og skyle var i austenden og vidare vestover var fjøset på nordsida og på sørsida hadde dei sauer og kalvar. Dei køyrde mold inn i fjøset kvar sommar. På eine halvdelen gjekk sauer og klavar og på andre delen var kyrne. Når det hadde vakse opp med gjødsel er kyrne var la dei på godt med strø og flytte sauene dit. Slik heldt dei på til våren. Gjødsla låg såleis under tak heile vinteren. Når dei så køyrde ut gjødsel om våren, hadde dei ein omlag 2 meter høg stakke med gjødsel å ta av. Dei hakka frå stussen og på det viset blanda dei ulike gjødselslag.
Løa vart forlenga mot vest i 1880 åra og var i bruk til Erling (son til Berte Eline Petrine) bygde ny litt lenger nede i 1929.

STOVE
Sju år seinare i 1876 bygde dei nytt stovehus. Det var ikkje tømmerskog på garden og alt tømmeret måtte køyrast til gards. Tømmeret kjøpte dei frå Svorta og Håhjem og slepa det til sjøen og flota det til Bergsøyra. Der hadde dei sagstelling og der blei derfor alt tømmeret saga. Berte Eline Petrine Eriksdatter som då var 14 år (ho tok seinare over garden), stod for det meste av arbeidet med å kjøyre det ferdig saga tømmeret i gards. Det vart transportert på vinterføre med VAJE (stutting). Det nye huset vart bygt på same staden som det gamle.
Den sommaren huset blei bygd vaska dei godt fjøset og budde der medan dei bygde det nye. Koka gjorde dei på grue ute. Det nye huset vart ei stashus i høve til det gamle og det blei bygt i tradisjonell Skodje-stil med hovedende og kårende. Inngangen var i midten framme, kjøkken bak med eigen utgang og eit kammers bak kvar stove. Dette viser godt på eit bilete som er tatt i 1906 i høve Erling sin konfirmasjon og også på dette bildet fra 1925.
 
I bakerste rekke frå venstre: Erling, Laura, Ingebrikt og Berte(1925)

Huset var også brukt til omgangsskule til den første skulen i Skodje vart tatt i bruk.

Erling flytta huset litt lenger mot sør i 1936 og plassert aust for den nye løa som blei bygd sju år tidlegare.

SOMMARFJØS
Erik (son til den første Erik) bygde ny sommarfjøs der som noverande fjøs står. Det var sommarfjøs for storfe i austenden og sauer i vestende. Huset var av tømmer og lav.
Erling bygde ny sommarfjøs i 1936/37.

NAUST
Naust hadde garden der noverande naustet står i dag (Bergsøyra eller i daglegtale Øyra). Dette var også av lafta rundtømmer

KVERNHUS

Kvernhus hadde garden ved Bergselva ved sjøen aust for Øyra.

STABBUR
Stabbur stod bak huset like nord om den store bøka (som dessverre no har ramla ned). Deler av disse murane viser framleis.

Stabburet var lite og dårleg, og då det i 1884 bles ned over 3000 kubikkmeter tømmer i skogen på Svorta, kjøpte Erling og broren Martinus nokre teigar til uthogst. Ein del køyrde dei til Jensvika og fekk saga det på oppgangssaga der og noko vart handsaga. Dette var tildels stor skog. Det nye stabburet som han bygde er 7,20 meter langt og har berre to stokkar er skøytte. Alle dei andre er med heil lengd. Tømmeret er 4 tommar tjukt og mange av stokkane hadde eit toppmål på over 30 cm.
Det gamle stabburet blei flytta til Skulstad i Samfjorden der systera deira, Berte Anna var gift. Stabburet blei seinare tatt av stormen like før jul i 1988.

VEDASKOT
Like nord om stova stod vedaskotet. Det var som dei fleste slike hus bygt som GRINDHUS. Huset stod i sin opprinnelege form til ei grein frå bøka brotna av i 1978 og knuste det.

SKOGALØA
Det siste huset frå gamla tid er Skogaløa. Huset vart bygt med Svortaelva ca 1885 og blei brukt til å sage tunnestav. Der hadde dei sirkelsag og det var ei av dei første i Skodje. Oliver Skodje i Olivergarden laga akslingen og både aksling og sag har vi framleis på garden. Huset vart seinare flytta frå Svortaelva til staden på garden der det står no.
Etter at det kom til garden har det vore i bruk som lager og dei fyrste åra spesielt som lager til ved for sal. Skogaløa står like ved dagens gardsveg.

TAK
Taka på alle husa var torvtak; tro, never og torv med nokre flate steinar langs endane for at stormane ikkje skulle fare med taka. Eit slikt TORVTAK vart alltid lagt med fem lag never. Ein har vanskar i dag for å tenkje seg kor viktig nevera var på ein gard med mange hus og kor mykje som skulle til for å halde alle tak tette.

 

Home

This site was last updated 23.06.2007