Indreberg Gard
Sommeren 2004
   

© Indreberg Gard

Home

 

                   

Engesetsetra Fellesbeite - rapport frå sommaren 2004

I år var første beitelag allereie 30. mai og siste dag var 18. september, noko som er meir normalt i forhold til tidlegare år. På det meste var der 102 kyr på beitet. 

Beitesesongen på Engesetsætra har vore utruleg god med ny rekord i leveranse og også opptak av gras frå beitet. Vi bereknar opptaket av beitegras pluss eventuell tilleggsfôring for kvar månad og i juli var den på 10.6  Fm  per ku per dag. For heile beiteperioden var den på 9,8 Fm.

Dagsproduksjonen i juni var i gjennomsnitt 27 liter mjølk per ku, i juli 25,5 liter og i august 24 liter. Først i september kom den ned på 20 liter. Vi rekna med at nedgangen skuldast at kvaliteten på beitegraset blei dårlegare, men grasprøver etter beiteslutt viser at beitegraset framleis var av god kvalitet. Nedgangen skuldast nok derfor at mange kyr nærma seg slutten av laktasjonsperioden då ca. 80 % av kyrne kalvar i desember og januar. Meierileveransen i heile beiteperioden var i overkant av 260 000 liter mjølk.

Vi burde hatt ca. 50 da meir beiteareal for å auke produksjonen vesentleg meir ved å satse på seinare kalving.

Ein beiterunde er på 14-15 dagar og vi startar å pusse beite ved slutten av første beiterunde. Seinare  pussar vi etter kvar avbeiting. Gjødslinga er ca. 40 kg 21- 4-10 om våren, neste gjødsling ca 20 kg  25-2-6 og siste gjødsling er 12 -15 kg Amoniumnitrat. Farge og tilvekst avgjer om vi gjødslar utover dette.

 Årsaka til at vi i år har hatt eit svært godt resultat skuldast i hovudsak betre beiterutinar og gjødsling. I tillegg er ein god røkter heilt avgjerande.

 

Home

This site was last updated 23.06.2007